Nye rettleiande satsar for utmåling av sosialstønad frå årsskiftet
Arbeids- og sosialdepartementet har justert satsane for utmåling av sosialstønad. Justeringa i 2015 er i tråd med den venta konsumprisveksten i nasjonalbudsjettet for 2015; 2,1 prosent.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
NAV-kontoret har både rett og plikt til å utøva skjønn når dei vurderer om det skal ytast stønad, og ved utmåling av stønaden. Satsane i retningslinene må difor sjåast på som rettleiande utgangspunkt for det skjønnet ein skal utøva.
Sosialstønad til livsopphald skal dekkja grunnleggjande behov som utgifter til mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar, hygiene m.m., og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting som bustadutgifter, straum/oppvarming, bustadforsikring, inventar og utstyr kjem i tillegg til desse satsane.
Tabellen under viser dei rettleiande satsane for kvar månad frå 1. januar 2015, og auken i satsane samanlikna med 2014 i andre kolonne.
Einslege |
5 700 kroner |
(5 600 kroner) (9 300 kroner) (4 650 kroner) (2 150 kroner) (2 850 kroner) (3 600 kroner) |