Departementet skjermar store delar av Frøyland

Kommunal- og moderniseringsdepartementet støttar store delar av motsegna som Fylkesmannen fremja i Bybåndet sør i Time kommune. Departementet si endelege avgjerd skjermar landbruksjord på Frøyland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2015

Det meste av det omstridde området på Frøyland blir vidareført som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF).

Gledeleg avgjerd

Det er gledeleg at store delar av Frøyland blir skjerma for utbygging i lang tid, meiner fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa. Ho meiner også at dette er eit klart signal til kommunane på Jæren, og i resten av Rogaland, om å halda fast på jordvernet, byggja tettare og ta omsyn til noko av den beste matjorda i landet.

– Avgjerda frå KMD tar omsyn til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, matproduksjon og nasjonale jordverninteresser, seier Kleppa.

Skjerma i lang tid

Fylkesmannen i Rogaland ønskte delar av Frøyland-området ut av Bybåndet sør-planen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) støttar Fylkesmannen og Landbruks- og matdepartementet si vurdering av at bustadbehovet førebels kan dekkast utan at ein tar i bruk heile bustadområdet det vart fremja motsegn til.

– Dersom eit framtidig auka bustadbehov tilseier det, og krava i dei statlige planretningslinene er oppfylt, kan området vurderast på nytt mot slutten av planperioden (2040), seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Unik plan

Sandnes, Klepp og Time har laga ein interkommunal plan om å forlenga det samanhengande storbyområdet på Nord-Jæren mot sør. Det er denne planen som går under namnet Bybåndet sør. Planen er unik i norsk samanheng med føremål å utvikla ein ny by på Jæren.

Avgjerda frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet finn du høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.