Kommuneplan for Bjerkreim

Bjerkreim kommune har lagt fram forslag til kommuneplan med både arealdel og samfunnsdel. Gjennom pilotprosjekt for statleg samordning har kommunen fått ei samla oversikt over statlege motsegner og faglege råd.  Fylkesmannen sin uttale har både ros og råd til forbetring.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2014

Bjerkreim kommune har lagt ned mykje arbeid for å få oppdatert kommuneplanen frå 2006. Kommuneplanen sin nye samfunnsdel har gode mål, men det vil bli utfordrande å knyte den til økonomiplanen. Ambisjonen om folkevekst på 4%  vil utfordre både kommunen sitt tenestetilbod og økonomiske handlefridom.

Fylkesmannen har alt uttalt seg til eit utkast som var på høyring i 2013. Fleire konfliktfylte arealdisponeringar frå dette utkastet er no løyste. Det står likevel att ein del utfordringar, til dømes å finne eit eigna område nord i kommunen til bruk for handverksindustrien.

Les meir

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.