Ny kommunikasjonssjef

Journalist John Gunnar Skien er tilsett som ny kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2014

Han er 45 år og har lang erfaring frå NRK, både nasjonalt og lokalt. John Gunnar Skien arbeider i dag i Næringsforeningen i Stavangerregionen.

- Eg ser fram til å nytta John Gunnar Skien sin kompetanse i fylkesmannsembetet, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

John Gunnar Skien har følgjande kommentar:

- Dette er ein jobb eg gledar meg veldig til! Eg trivst fantastisk godt i Næringsforeningen, men for ein samfunnsinteressert journalist er dette ei ny og spennande utfordring eg ikkje kunne seia nei til då eg fekk sjansen. Det bli sikkert mykje å setja seg inn i, mange ukjende eg skal bli kjent med. Det blir kjekt, og eg lovar å gjera mitt beste.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.