Søk midlar til kurs om aldring og demens for pårørande til eldre med utviklingshemming
Gjennom tilskotsordninga Pårørendeskoler og samtalegrupper i demensomsorga i Demensplan 2015 kan det søkjast midlar til etablering av kurs.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fleire personar med utviklingshemming når ein høgare alder enn før og mange opplever at aldringsprosessen startar tidleg. Spesielt har personar med Downs syndrom ei overhyppigheit av demens. Det er behov for å etablere informasjons- og støttetiltak for pårørande til eldre med utviklingshemming. I eit samarbeidsprosjekt er det utvikla kursmodellar for pårørande med tema om aldring og demens. Gjennom undervisning og erfaringsutveksling har deltakarar rundt om i landet fått kunnskap og stønad til å meistre dei praktiske og kjenslemessige sidene ved situasjonen sin. Meir informasjon om tilskotsordninga, rettleier og materiell for etablering av kurs og erfaringar frå prosjektet kan hentast frå Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse.