Grunnlovsjubileet opnar i Rogaland
Fyrstkomande søndag, 23. februar 2014, blir det både gudsteneste i domkyrkja og kyrkjekaffi i Rosenkildehuset for å markere opninga på grunnlovsjubileet i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For 200 år sidan valde folket søndag 25.februar, i ekstraordinære bededagsgudstenester, valmenn til å utpeika Eidsvollsrepresentantane.
Dette vil ein markere i kyrkjer over heile landet søndag 23.februar.
Gudstenesta i Stavanger Domkirke vert ved domprost Anne Lise Ådnøy, og det vert kyrkjekaffi i Rosenkildehuset (Næringsforeningen) rett etter gudstenesta.
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og varaaordførar i Stavanger Bjørg Tysdal Moe deltek begge stader.
Arrangementet er rekna å slutta ca. 1330.
Alle er velkomne både der og til ei lang rekkje tilstellingar utover våren og resten av året.