Rekvireringsrett for sentralstimulerande legemiddel

Frå 2. januar 2014 skal legar som rekvirerer sentralstimulerande legemiddel sjølv vurdere om vilkåra for å rekvirere er oppfylte. Dei skal altså ikkje søke Fylkesmannen om rekvireringsrett.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2014

Helsedirektoratet har vedtatt at legar i desse to gruppene har løyve til å rekvirere sentralstimulerande legemiddel etter narkotikaforskriften paragraf 5 frå 2. januar 2014:

1) Lege med spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri, pediatri, psykiatri eller nevrologi.

2) Andre legar med pasient(ar) som vidarefører behandling med sentralstimulerande legemiddel. Det er eit vilkår at legen som starta behandlinga har spesialistgodkjenning eller har fått rett til å rekvirere sentralstimulerande legemiddel på anna grunnlag av Helsedirektoratet. Legen som rekvirerer må forsikre seg om at vilkåret er oppfylt og føre dei nødvendige opplysningane om dette på resepten.

Føresetnaden er at legane har rett til å rekvirere legemiddel i reseptgruppe A. Legar utan spesialistgodkjenning i fagområda som står i punkt 1) over, kan som før søke om løyve til å rekvirere sentralstimulerande legemiddel.

Les brev frå Helsedirektoratet om endringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.