Styrking av innsats mot barnefattidom

Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal bidra til å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunane. Ordninga er ei vidareføring frå tidlegare år. Den skal bidra til å utvikle nye tiltak overfor målgruppa, betre samordninga av lokale tiltak, styrkje og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamheldet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2013

Formålet med ordninga er å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar gjennom å utvikle tiltak og verkemiddel etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Dette skal gjerast ved å:

  • styrkje det førebyggande arbeidet retta mot barn og unge i kommunen etter lov om sosiale tenester (§12)
  • utvikle tenester overfor målgruppa
  • utvikle tiltak og verkemiddel som styrkjer det heilskaplege oppfylgings- og rettleiingsarbeidet overfor låginntektsfamiliar (§17)
  • ta i bruk heile NAV sitt verkemiddelapparat og sørgje for at tiltak blir koordinerte og sett i samanheng
  • utvikle samarbeidsstrukturer og rutinar for samhandling med tenesteapparatet elles
  • •styrke barneperspektivet i NAV

Målgruppa er:

  • barn og unge i familiar/barnefamiliar som er i kontakt med dei sosiale tenestene i NAV
  • barn og unge der foreldra deltek i Kvalifiseringsprogrammet
  • barn og unge med innvandrarbakgrunn i låginntektsfamiliar
  • ungdom mellom 15-25 år som ikkje er i opplæring eller arbeid

Prioriterte tiltak i 2014:

  • tiltak som bidreg til å sikre barneperspektivet på NAV-kontoret
  • utvikling av heilskaplege oppfylgingsprogram for låginntektsfamiliar
  • utstyrsbank, ferie- og aktivitetstilbod til barn og familiane deira i skuleferiane som ein integrert del av den heilskapelege oppfylginga.
  • tiltak som bidreg til overgang til opplæring, arbeid og aktivitet for ungdom opp til 25 år som ikkje er under utdanning eller i arbeid
  • utvikling og forankring av ein kommunal handlingsplan for å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn, unge og barnefamiliar

Frist for å søkje tilskot er 1. februar 2014

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt