Mykje løyst i Bybåndet sør, men utbygging eller vern av Frøyland skal avgjerast av departementet

Fylkesmannen, fylkeskommunen, Sandnes, Klepp og Time kommune gjennomførte 28.10.13 mekling om interkommunal kommunedelplan Bybåndet sør. Planen er nå klar for lokal godkjenning, utanom arealbruken på Frøyland. Det er semje om å sende spørsmålet om Frøyland skal omdisponerast til bustadformål eller sikrast for framtidig matproduksjon til sentral avgjerd i departementet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2013

Bybåndet sør er i Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling (Regionalplan Jæren) peika ut som langsiktig utviklingsretning for byutviklinga på Jæren. Dette er eit viktig grep for å sikre bustadbygging, gode kollektivløysingar og ei samordna utvikling av regionen.

 Viktige tema for regionen som  er løyst i planen:

  • Øksnevadporten avklart som senterområde for Bybåndet sør byen. Kverneland  som  supplerande lokalsenter
  • Regionalplan Jæren sine nye krav til høg arealutnytting skal leggast til grunn
  • Ny avgrensing av næringsområder på Kalberg – TN1 og TN3
  • Sikring av vel 1800 dekar nære grøntområde. I tillegg får dei som skal bu i Bybåndet sør tilgang  på mange og store friluftsområder med høg kvalitet. Figgjovassdraget, Vagleskogen, jordbruksområda og kulturlandskapet og regional grøntstruktur i aust.
  • Trase for ny omkjøringsveg i aust Fv 505 Kalberg – Kverneland avklart
  • Tverrforbindelsen Foss-Eikeland- Kalberg langs Figgjovassdraget avklart
  • Føreslåtte bustadområdet ved Stokkeland blir teke ut av planen. Semje om at dette i staden blir ein del av pågåande kommuneplanrevisjon for Sandnes kommune.

Når det gjeld bustadbygging på Frøyland, er vi einig om å vere ueinig, seier fylkesmann Tora Aasland etter meklinga. Det er likevel ein milepæl at vi nå er i mål med heile Bybåndet sør.

Hun understreker at dei med det er einig om utviklinga av eit område som er på heile 25.000 dekar. Striden på Frøyland står om 330 dekar og 1345 bustader.

Fylkesmannen meinar at bustadbygging på Frøyland er i strid med viktige nasjonale jordverninteresser, nasjonale mål om samordna areal- og transportplanlegging (ATP) og mål om reduserte klimautslepp. Planen har potensiale for stor bustadproduksjon i aksen Ganddal- Orstad vest og aust-Øksnevadporten, sjølv om ein ikkje tek med Frøylandsområdet.

Fylkesmann Tora Aasland oppfattar ikkje at det er så steile frontar i saka som ein kan ha fått inntrykk av frå media. 

- Dette har vore ein god, men krevjande prosess for eit banebrytande prosjekt, der tre kommunar saman har laga ein felles kommunedelplan. Mange viktige saker er løyst undervegs. Det blir bustader, det blir næringsområde og det blir et høgverdig kollektivtilbud, uttalar ho til Stavanger Aftenblad.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.