Helsepersonell har rett til å varsle om mulig dyremishandling
Då den ny Dyrevelferdlova trådde i kraft i 2010 fekk helsepersonell rett il å varsle om mulig dyremishandling og alvorleg omsorgssvikt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.09.2013
Dette går fram av helsepersonellova § 23 nr 5. Helsepersonell har ikkje plikt til å gje slike opplysningar til Mattilsynet, men det vil ikkje vere brot på teieplikta å gje opplysningane til Mattilsynet. Det er ikkje naudsynt at ein har sikker kunnskap om mishandlinga, det er nok at ein har mistanke om det.