Fylkesmannen i Rogaland er frå i dag - 1. juli 2013- regional fyrsteinstans i saker som gjeld verjemål.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
At Fylkesmannen er regional verjemålsinstans betyr at det no er Fylkesmannen som fyrst skal ta alle avgjerder knytte til verjemål for personar busett i Rogaland. Det er også Fylkesmannen som no er ansvarleg for oppfølging av verjene i fylket.
For å vere i stand til å gjere eit så godt arbeid som mogeleg for personar med verje og for verjene i fylket, er verjemålseininga hos Fylkesmannen tverrfagleg samansett. I vergemålseininga arbeidar det økonomar, juristar, medarbeidarar med helse- og sosialfagleg bakgrunn samt personar med erfaring frå arbeidet i overformynderia.
Verjemålseininga hos Fylkesmannen vil gjøre det vi kan for at alle som søkjer kontakt med oss på telefon eller ved å møte opp i lokala til Fylkesmannen, skal få kontakt med ein av saksbehandlarane i eininga. For å sikra dette best mogeleg har vi laga ei oversikt over når vi best kan svara på telefon og ta imot personar på kontoret.
I oversikta gir vi også informasjon om korleis det er best å sende oss ulike skjema og søknader med vidare.