Ikkje kraftutbygging i Gråfollåna ved Nilsebu

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har avslått søknad om dispensasjon til bygging av Gråfollåna kraftverk ved Nilsebu i Hjelmeland. Tiltaket er vera i strid med verneformålet og vil endra landskapet sitt særpreg og karakter vesentleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.06.2013

Nilsebu kraft fekk i 2010 dispensasjon frå Hjelmeland kommune til å byggja Gråfollsåna kraftverk ved Nilsebuvatn. Kommunen var då forvaltningsmynde for Luseheia landskapsvernområde. Sidan inntaket til kraftverket ligg innanfor vernegrensa, var det naudsynt med dispensasjon frå verneforskrifta for å fremje utbyggingssøknad til Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Klage frå fylkesmannen
Fylkesmannen klaga på dispensasjonen i januar 2011, og peika mellom anna på at inngrepet i elva ville vera eit vesentleg inngrep og såleis endra landskapet sin karakter mykje. Det vart og peika på at då vernegrensa for Luseheia landskapsområde vart fastlagt i 1991, var eksisterande kraftutbyggingar i området sentrale moment i verdivurderinga mellom vern og utbygging. Gjeldande vernegrense er med andre ord vel gjennomtenkt.

DN si vurdering
Sidan Hjelmeland kommune ikkje tok klagen frå fylkesmannen til følgje, vart saka sendt til DN for avgjerd.

I si grunngjeving for vedtaket skriv DN mellom anna at prosjektet vil føra til eit dominerande inngrep i landskapsvernområdet. Elva utgjer her eit viktig og svært tydeleg landskapselement i fjellsida og dalen opp mot det planlagde vassinntaket. Etter direktoratet sitt syn vil tiltaket vere i direkte strid med verneformålet, jf. kap. III i verneforskrifta.


Billetet syner nedre del av Gråfollåna og Stavanger turistforening si hytte. I bakgrunnen Nilsebuvatn. Foto: Stavanger turistforening.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.