Flat pedal mot 2025 - Universell utforming
17. og 18. april arrangerast regional erfaringskonferanse om universell utforming. Konferansen skal visa gode døme på universell utforming.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På konferansen vil blant anna Stortingsrepresentant Bernt Høie halda innlegg, og Barne-, likestillings- og diskrimineringsdepartementet skal seia noko om regjeringa si satsing på universell utforming framover. Kommunar i fylket vil presentera sitt arbeid med Universell utforming og gi døme på korleis ein kan betre tilgjengelegheita for alle.
Rogaland fylkeskommune, Kommunes Sentralforbund, Fylkesmannen og kommunane Time og Klepp samarbeidar om konferansen.
Program og påmeldingsside finn du her; 2013 - Erfaringskonferanse - Universell utforming