Krevjande ekstremvêr
Ekstremvêret som har råka delar av fylket, med sterk vind og snøfokk, har skapt mange ufordringar. På tross av stengde vegar, straumutfall nokre stader, tog som ikkje har gått og full storm, er det ikkje meldt om alvorlege hendingar og det ser ut til at kommunane, e-verka, vegvesenet og politiet har kontroll på situasjonen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har vært i kontakt med berørte kommunar og etater fredag kveld og i løpet av laudagen og dei melder om store utfordringar, men at situasjonen er under kontroll.
Sjølv om nokre vegar er opna, toga igjen går mellom Stavanger og Nærbø og at de fleste har fått igjen straumen, er det mykje å hanskast med grunna sterk vind og store snømengder.
Ein av dei største ufordringane har vore innafor helsetenesta, kor heimesykepleien har slitt med å koma heim til folk. Det har likevel løyst seg ved hjelp av snøskutarar, traktorar, brøytemannskap og stor innsats frå dei tilsette i disse tenestene.
Det har vore problemer knytt til straumen i Forsand kommune, men de fleste har nå fått straumen tilbake. Det samme gjeld Gjesdal kommune. Kraftselskapa arbeidar for fullt for å få straumen tilbake til alle abonnentane.
Togpassasjerane som satt fast i natttoget, blei først flytta til eit samfunshus og er nå evakuert.
For meir nyheiter, oppmodar vi alle til å følgje med på kommunane og vegvesenet sine nettsider, eller vanleg media.