Framandt treslag funne i Botne, Strand kommune

Grønor (Alnus viridis) spreier seg aggressivt, særleg på open mark, men også langs traktorvegar, langs dreneringsgrøfter og bekkeløp. Arten vart planta inn ved bygging av ny veg mellom Jørpeland og Forsand tidleg på 1990-talet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2012

Grønor er eit lite, hardført  tre med stort spreiingsspotensiale. I Botne er dette svært tydeleg inst i fjorden og omlag ein kilometer utover på vestsida av fjorden. Arten høyrer heime i Mellom- og Sør-Europa og er det treslaget som går høgast i Alpane. Elles finst det ulike underartar med sirkumpolar utbreiing. I Noreg er grønor bare kjend frå Botne og to andre stader på Vestlandet. Treet er sannsynlegvis og planta inn i hagar enkelte stader.

På svartelista
Grønor står på den norske svartelista 2011 som ein potensiell risikoart. Ved meir innplanting vil risikoen for
spreiing auka.

Vanskeleg å utrydda
Så mykje som grønora har spreidd seg i Botne og omegn, vil det verta svært vanskeleg - kanskje umogleg - å utrydda trea. I alle høve blir prisen høg. Funnet av grønor i Botne er eit eksempel på korleis ein framand art kan spreia seg ukontrollert når naturtilhøva stemmer med arten sine vekstkrav.

Video frå Botne

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer

Aktuelt

Orearten Alnus viridis er rapportert fra én lokalitet i Ro Strand: Bortnebakkan, "plantet og forvillet i gammelt grustak" 2009. Arten formerer seg bare seksuelt, slik at "forvillet" må bety formering og spredning med frø. Arten er hardfør og kan utmerket vel danne populasjon i Norge, og være konkurransesterk. Den har en økologi og et habitatvalg som er ulik alle andre norske treslag, en spesialist på bratte, ustabile åssider, snøras-renner og skredmark.