Kommunestruktur i Rogaland – samling for alle kommunar

Dato:
18. juni 2019 09:30 - 15:00
Stad:
Clarion hotel Energy, Stavanger
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Politikarar, leiarar og tillitsvalte i kommunane

Velkommen til samling om kommunestruktur i Rogaland.

Publisert 26.04.2019

Fylkesmannen i Rogaland har inngått samarbeid med NORCE om å utføre ei spørjeundersøking til alle kommunar knyta til ulike sider ved kommunestrukturen i Rogaland. Resultatet blir presentert denne dagen av Einar Leknes og Hilmar Rommetvedt. Det blir også informasjon frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet om arbeidet med kommunestrukturen i heile landet. Yngve Flo forskar frå NORCE vil informere om erfaringa frå kommunereforma, både nasjonalt og i Rogaland. Forskar Stine R. Nygård vil informere om prosjektet Nabopraten som er utført på Jæren. Det blir også meir aktuelt på programmet. Program finn du på høgre side.

Pris: Gratis (dei som ikkje møter vert fakturert kr 500).

Dato:
18. juni 2019 09:30 - 15:00
Stad:
Clarion hotel Energy, Stavanger
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Politikarar, leiarar og tillitsvalte i kommunane