Korleis kan Nav arbeide for å betre situasjonen for utsette barn og unge? Invitasjon til nettverkssamling om barneperspektivet i Nav
- Dato:
- 14. mai 2019 10:00 - 15:00
- Stad:
- Clarion Hotel Energy, Ishockeyveien 2, 4021 Stavanger
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- NAV tilsette
Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid er nøkkelomgrep når ein snakkar om arbeidet med risikoutsette barn og unge.
0-24-samarbeidet er ei felles satsing for fem departement for betre oppfølging av utsette barn og unge. Det overordna målet for samarbeidet er at færre barn og unge fell utanfor og at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring og kan forsørge seg sjølve gjennom arbeid.
Forsking omkring fråfall i vidaregåande skule og arbeidslivet viser at fråfall må sjåast i lys av dei erfaringane dei unge har med seg gjennom livet frå grunnskule og oppvekst. Nav er i kontakt med foreldre i krevjande livssituasjonar. Korleis kan Nav arbeide for å betre situasjonen til desse barna?
Kurset er gratis, påmelding er bindande. Ikkje meld forfall innan påmeldingsfristen blir belasta med kr. 600.
Påmeldingsfrist: 30. april kl. 23:59.
- Dato:
- 14. mai 2019 10:00 - 15:00
- Stad:
- Clarion Hotel Energy, Ishockeyveien 2, 4021 Stavanger
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- NAV tilsette