Søknad om løyve til utfylling, sprenging og peling i sjø ved Sande, Statens vegvesen Region vest
- Høyringsfrist:
- 6. mars 2019
Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens vegvesen Region vest om løyve etter forureiningslova § 11 jf. § 16. Søknaden gjeld peling og sprenging i sjø ved Sande, eigendomane 62/20 og 24 i Hjelmeland kommune.
Søknaden omfattar utfylling av ca. 24 000 kubikkmeter sprengstein, peling og sprenging i sjø. Føremålet med tiltaket er å etablere doble ferjekai og hurtigbåtkai ved Sande for ferjesamband Nesvik-Sande.
Søknaden vil bli lagd ut til høyring i Hjelmeland kommune, Kommunehuset, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.
Uttale frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innan 4 veker frå utleggingstidspunktet.
Sjå søknad og høyringsdokument i lenkene til denne nettsaka.
- Høyringsfrist:
- 6. mars 2019
Kontaktpersonar
Dokument
- Høring tiltak sjø Sande ferjekai 18.01.19 Hjelmeland
- Søknadsbrev.pdf
- Søknadsskjema.pdf
- Vedlegg 1 Rapport fra Norconsult - Sedimentundersøkelser og lokale forhold.pdf
- Vedlegg 2 Bilder fra Sande ferjekai.pdf
- Vedlegg 3 Tegning V001_rv 13 Sande ferjekai Hjelmeland.pdf
- Vedlegg 4 Tegning V002_prinsippskisse for plastring_rv 13 Sande ferjekai.pdf
- Vedlegg 5 30457-GEOT-1 Rv13.pdf
- Vedlegg 6 GeologiskRapport_reguleringsplan.pdf
- Vedlegg 7 Vedtatt plankart.pdf
- Vedlegg 8 Reguleringsbestemmelser.pdf
- Vedlegg 9 Reguleringsplanbeskrivelse.pdf
- Vedlegg 10 Risikovurdering spredning av sprengsteinspartikler.pdf