Utsleppsløyve biogassanlegg på Grødaland
- Høyringsfrist:
- 20. mai 2013 15:30
IVAR IKS har søkt om løyve etter forureiningslova til biogassanlegg på eigedomen gnr. 14 bnr. 2 Grødaland i Hå kommune.
Biogassanlegget er planlagt dimensjonert med mottak av inntil 21 000 tonn tørrstoff, med planar om ytterligare utvidingar. Anlegget skal motta slam frå kloakkreinseanlegg, matavfall og anna biosubstrat. Ved normale driftsforhold vil mottatt slammengde utgjere maks ca 40 lastebillass pr dag.
Dimensjonerande produksjon er berekna til å gi biogass tilsvarande netto ca 52,5 GWh årleg. Det vert søkt om å dekke størsteparten av energibehovet til produksjonen gjennom brenning av bioresten som oppstår i prosessen og i tillegg er det planlagt å bruke returtrevirke. Forbrenningsprosessen vil gi utslepp av røykgassar til luft. Luktkvaliteten på bakkenivå ved Grødaland næringsområde vil tilfredsstille gjeldande luftkvalitetskrav når ein ser utsleppa frå Solør Bioenergi og biogassanlegget under eitt.
Simuleringar av luktutsleppet frå biogassanlegget viser at utsleppet vil vere innanfor grensa satt i reguleringsplanen. Det samla luktutsleppet frå Grødaland næringsområde vil også tas med i sakshandsaminga.
Utslepp av forurensa vatn frå biogassanlegget vil vere tilsvarande ca 14 000 person-ekvivalentar (pe). IVAR IKS har planar om å starte gjenvinning av næringsstoff på eit seinare tidspunkt.
Søknaden og saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i rådhuset Hå kommune og i dokumentlenkene til høgre.
Merknader til søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, postboks 59, 4001 Stavanger, innan fire veker frå kunngjeringtidspunktet.
- Høyringsfrist:
- 20. mai 2013 15:30