Tiltaksplan for forureina sjøbotn ved Westcon i Ølsvågen
- Høyringsfrist:
- 23. mars 2018
Delar av sjøbotnen utanfor Westcon i Ølsvågen er forureina av organiske og uorganiske miljøgifter. Etter pålegg frå Fylkesmannen har COWI på vegne av Westcon Yards AS utarbeida plan med føreslegne tiltak for å rydde opp i forureininga.
Publisert 06.03.2018
Fylkesmannen vil på grunnlag av eigne vurderingar av tiltaksplanen og utsegner frå høyringa, varsle pålegg til Westcon Yards AS om å gjennomføre forureiningsreduserande tiltak.
Eventuelle merknader kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til postmottak@fmro.no.
Sjå søknad og høyringsbrev i vedlegga til denne nettsaka.
- Høyringsfrist:
- 23. mars 2018