Søknad om utsleppsløyve frå Marine Harvest Industri AS (Ryfisk)
- Høyringsfrist:
- 15. august 2014 15:30
Det er søkt om utvida løyve til lakseslakteriet på Hundsnes i Hjelmeland. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn og merknader kan sendast Fylkesmannen innan 15.august 2014.
Fylkesmannen i Rogaland har mottatt søknad frå Marine Harvest Industri AS (Ryfisk) om endring av løyve etter forureiningslova §§ 11 og 18. Søknaden gjeld ei auke i lakseslakteriet sin årlege produksjonsramme frå 48.000 til 95.000 tonn sløyd fisk.
Verksemda er lokalisert på gnr.65 bnr. 58 på Hundsnes i Hjelmeland kommune.
Verksemda har utslepp av organiske stoff til resipienten i Hjelmelandsfjorden via eigen utsleppsleidning. Det vil i eit eventuelt endra løyve verte sett krav om tiltak og fastsett grenseverdiar for å avgrense utslepp til ytre miljø.
Søsterverksemda Marine Harvest Ingredients AS (Rygro), som produserer lakseprotein og lakseolje av avskjær og utkast frå lakselakteriet, har i dag eit eige løyve frå 1994. Eit endra løyve vil omfatte samla utslepp av organisk stoff frå felles reinseanlegg. I og med Marine Harvest Industri AS er ansvarleg for drifta av reinseanlegget, vil eit samordna løyve verte gitt til dette anlegget.
Søknaden og saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn på nettsidene til Hjelmeland kommune og i dokumentlenkene til høgre.
Merknader til søknaden skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, postboks 59, 4001 Stavanger eller per e-post til fmropost@fylkesmannen.no innan fem veker frå kunngjeringstidspunktet.
- Høyringsfrist:
- 15. august 2014 15:30