Søknad om sprenging og mudring i sjø ved Lille Lyngholm i Vorråvågen
- Høyringsfrist:
- 7. oktober 2017
Karmøy Winch AS søker om løyve etter forureiningslova til sprenging og mudring i sjø ved eigedomen 102/204 Lille Lyngholm, Vorråvågen i Karmøy kommune.
Det er søkt om å fjerne ca. 2500 m3 fjell av ein undervassgrunne ved sprenging og mudring. Føremålet med tiltaket er å utbetra leia mellom Lille Lyngholm og Kattholmskjær ved å utdjupa grunnen. Undervassgrunnen forårsakar i dag noko navigeringsproblemer i leden, det skal ha vore fleire tilfelle av grunnstøtinger med grunnen. Sjøbotnen i tiltaksområdet er på bakgrunn av ei sedimentsundersøking i nærområdet vurdert som forureina. Det er ikkje registrert nokon viktige marine naturtypar i eller i nærleiken av tiltakområdet, men fleire av dei nærliggande holmane er viktige funksjonsområde for sjøfugl.
Uttalar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.
Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen
- Høyringsfrist:
- 7. oktober 2017