Søknad om mudring i sjø i Vinterhavn i Kvitsøy
- Høyringsfrist:
- 14. november 2017 23:59
Statens vegvesen Region vest søker om løyve til mudring i sjø i Vinterhavn, Kvitsøy kommune.
Publisert 16.10.2017
Søknaden omfattar mudring av ca. 1700 m3 sediment fordelt på eit ca. 1520 m2 sjøbotnareal. Det er påvist forureina sediment i ein avgrensa del av tiltakområdet. Det er ikkje registrert nokon viktige naturtypar i eller i umiddelbar nærleik til det omsøkte tiltakområdet. Mudringa er eit tiltak for å betra vatngjennomstrøyminga i Vinterhavn-bassenget, noko som vil kunne betre den økologiske tilstanden i vatn og sediment.
Uttalar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.
Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i høgremargen.
- Høyringsfrist:
- 14. november 2017 23:59