Løyve etter forureiningslova til T. Holand Maskin AS

Høyringsfrist:
12. juli 2013 15:30

T. Holand Maskin AS på Hovland i Eigersund kommune har fått løyve til mottak, mellomlagring og gjenvinning av betong, tegl og asfalt.

Publisert 27.06.2013 av Administrator

Fylkesmannen har gitt løyve til T. Holand Maskin AS til å ta imot rivingsbetong og asfaltflak for gjenvinning. Det er i løyvet sett krav til mottakskontroll av massane for å sikre at dei ikkje er forureina med miljøgifter. Grenser for nedfallstøv og utslepp av støy tilsvarer sjølvberande krav i forureiningsforskrifta kapittel 30, som er gjeldande for verksemda si ordinære pukkverksdrift på same lokalitet.    

Sjå løyve med oversendingsbrev i dokumentlenka til høgre.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.