Kompetanseløftet 2020

Informasjon til kommunane om søknadsfrist til opptak ved
- studieprogrammet Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta i 2017
- informasjon om lønstilskotsordninga til masterutdanning i avansert klinisk sjukepleie

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2017

NASJONAL LEIARUTDANNING FOR PRIMÆRHELSETENESTA

Prop. 1S (2016-2017). Kap. 761 post 21, 765 post 21 og 770 post 70.

Helsedirektoratet har i samarbeid med KS gitt Handelshøyskolen BI i oppdrag å tilby utdanning i leiarkunnskap og innovasjon for helse- og omsorgstenesta i kommunane og tannhelsetenesta i fylkeskommunane. Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla mastergradstudium.Frå hausten 2017 blir det tilbod om opptak til tre klassar med til saman 160 studentar. Ein klasse vil vere lokalisert vekselvis i Lakselv og Tromsø, to av klassane er plasserte i Oslo.

Studiet passar for einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og i tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette kan vere leiarar i kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, psykisk helsear­beid og rusarbeid, helsestasjons- og skulehelsetenesta, hab­iliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg legeteneste, fylkestan­nlegar, overtannlegar og klinikkleiarar. Andre med relevant leiaransvar kan også søkje om opptak.

 Søknadsfrist  for klassen i Nord-Noreg er 17. mai, mens klassane i Oslo har søknadsfrist 17. april. Påmelding kan gjerast i lenken på høgremenyen.

Interessa for studietilbodet har vore svært god sidan oppstart hausten 2015. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er kostnadsfri for kommunane og fylkeskommunane. Deltakarar betaler bare reiseutgifter til kvar modul, og kan også søkje KS om reisestøtte til dette. Det er positivt om fleire leiarar frå  same kommune og gjerne frå ulike delar av primærhelsetenesta søkjer saman. Det styrkjer søknaden om rådmann eller kommuneleiing legg ved tilråding.

Kontaktperson i Helsedirektoratet: Sigrun Heskestad, prosjektleiar Kompetanseløft 2020, sigrun.heskestad@helsedir.no, telefon 24 16 35 11

 

LØNSTILSKOT TIL AVANSERT KLINISK SJUKEPLEIE

Prop. 1S (2016-2017). Kap. 762 post 63

 Helsedirektoratet har tidlegare gjort kjent at kommunar kan søkje Helsedirektoratet om statleg lønstilskot for sjukepleiarar som er tilsette i helse- og omsorgstenesta og som skal vidareutdanne seg i avansert klinisk sjukepleie.

Målet for ordninga er å styrkje førebyggings-, behandlings- og omsorgstilbodet til innbyggjarar som er i ferd med å utvikle eller som har utvikla kroniske, samansette og/eller kompliserte sjukdomstilstander.

Det er i statsbudsjettet for 2017 sett av 6,5 millionar kroner til tilskotsordninga. Det statlege tilskotet dekkjer 25 % av bruttoårsløn til sjukepleiaren under utdanning, mens kommunen eller privat tilbydar må dekkje minst 25 %.

 Frist for kommunar å søkje Helsedirektoratet er 31. mars 2017.Søknadsskjema og informasjon om lønstilskotet finn de i høgremenyen.

Tilskotsregelverket gir informasjon om kva som skal til for å søkje denne ordninga.

Kontaktperson i Helsedirektoratet:  Christin MarshOrmhaug,christin.marsh.ormhaug@helsedir.no,               telefon 24 16 36 46

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.