Ny søknadsfrist!
For lønstilskot til avansert klinisk sjukepleie i kommunane – Kapittel 762 post 63
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.10.2015
Helsestyresmaktene har avgjort at fristen for kommunane til å søkje om lønstilskot for å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie på mastergradnivå skal utvidast til 1. november 2015.
Det er også høve til å kunne søkje lønstilskot for heile 2015, ikkje berre for hausten 2015 slik det tidligare er annonsert.
Vi viser til ny kunngjering og informasjon på Helsedirektoratet sine heimesider i høgremenyen for meir informasjon om endringa og for å søkje.