Verjemål

Oppdatert 08.07.2024

Personar som ikkje kan ta hand om interessene sine sjølv på grunn av skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting, kan få hjelp av ei verje. Ei slik ordning, eit verjemål, er frivillig og tilpassa ønska og behova til den som har verje. Det er statsforvaltaren som utnemner og følgjer opp verjene, og det er Sivilrettsforvaltninga som er sentral verjemålsmyndigheit.

Statsforvaltaren i fylket der du bur, har informasjon om telefontider, lokale kurs og rekruttering av nye verjer. Det er også statsforvaltaren som kan svare dersom du har spørsmål om ei konkret sak.

Vis meir

Se informasjon på vergemal.no

Vergemål (vergemal.no)

All informasjon om verjemål finn du no på denne sida, som gjeld verjemål over heile landet. 

Kontaktinformasjon til oss som behandlar saker i Møre og Romsdal, finn du i høgre marg på denne sida.  


Publisert 18.12.2024

Frå overformynderi til å bestemme sjølv: Verjemål er eit frivillig støttetiltak tilpassa vår tid

Verdigrunnlaget i dagens verjemålslov er tett knytt opp mot menneskerettar, særleg dei som gjeld sjølvråderett og integritet.


Publisert 12.12.2024

Vergemålstelefonen stengd i jula

Vergemålstelefonen er stengd i jula frå 23.12.2024 til 01.01.2025.

Vi ønsker alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!


Publisert 25.11.2024

Frist for uttak fra kapital konto - desember 2024

Dersom søknader om bruk av kapital ønskes behandlet før jul, må disse sendes inn i god tid og senest innen 8. desember.


Sist endra 05.02.2024

Treng du at nokon hjelper deg i kontakt med Nav?

Dersom du ynskjer at nokon du har tillit til får innsyn i dine saker og kan hjelpe deg i kontakten med Nav, er det ikkje sikkert det er naudsynt å få oppnevnt verje av den grunn.


Kontaktinformasjon

Telefontid:
Måndag, onsdag og torsdag kl 12:00–14:00.
Tirsdag og fredag stengt.

I JULEVEKA VIL TELEFONEN VERE STENGD I TIDSROMMET 23.12.2024 TIL OG MED 01.01.2025.

Telefon:
71 25 85 00

Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon til verjemål via Altinn: Sikker melding (verjemål).

E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Du bør likevel ikkje sende sensitiv informasjon via e-post: sfmrpost@statsforvalteren.no

Postadresse:
Postboks 2520
6404 Molde