Tilskot til sosiale tenester i NAV
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2025
- Målgruppe:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Ansvarleg:
- Marianne Stensvold
- Kven kan søke:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2026
Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene og tiltaka i kommunane etter sosialtenestelova.
Målgruppa for tiltaka er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.
I 2025 er barnefamiliar, ungdom og bustadsosialt arbeid særleg prioriterte område.
Vidare er følgjande område prioriterte:
- Heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behovet til brukarane.
- Arbeid med innvandrarar og langtidsmottakarar av sosiale tenester.
- Samarbeid mellom tenester mellom anna under straffegjennomføring og sikring av sårbare overgangar, mellom anna etter gjennomført straff, mellom utdanning og arbeidsliv og mellom ulike tenester som barnevernet og Nav.
- Førebygging og/eller tidleg innsats.
Ordninga gir Nav-kontora inntil 750 000 kroner i lønsmidlar per 100 prosent stilling i prosjektet.
Tilskot blir primært gjeve for eitt år frå oppstartsdato, men det kan givast i inntil 36 månader til same tiltak. Prosjektkostnadar utover dette må kommunane dekkje sjølv.
OBS: Som følgje av at stillingsbeløpet vart justert opp blir det ikkje tildelt kompetansemidlar i 2025.
Utlysingstekst, reglane for tilskotsordninga og søknadsskjema finn du i høgremenyen.
Søknadsfrist er 1. februar 2025.
Nav-kontora i Møre og Romsdal kan sende søknadar elektronisk til Statsforvaltaren på organisasjonsnummer: 974 764 067.
Eventuelt kan ein sende søknadar per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2025
- Målgruppe:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Ansvarleg:
- Marianne Stensvold
- Kven kan søke:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2026