Tilskot til tiltak for å ivareta natur – ny ordning og fleire moglegheiter!

Søknadsfrist:
15. januar 2025
Målgruppe:
Alle
Ansvarleg:
Marita Fjelle, Solveig Silset Berg og Edvard Emblem Lund
Kven kan søke:
Alle
Prestekragar i slåttemark.

Frå 2025 får vi ei ny tilskotsordning som heiter tilskot til tiltak for å ivareta natur. Dette inneber nye moglegheiter for å søkje om tilskot til å fjerne framande artar.

Tilskotsordninga skal bidra til bevaring av trua artar og naturtypar, utvalde naturtypar, ville pollinerande insekt, verdifulle kulturlandskap og hindre negativ påverking frå framande artar.

Publisert 16.12.2024

Ny tilskotsordning for 2025

Den nye tilskotsordninga erstattar frå 2025 fem tidlegare tilskotsordningar:

  • Tilskot til trua artar
  • Tiltak for trua naturtypar
  • Tiltak for ville pollinerande insekt
  • Tiltak i verdifulle kulturlandskapsområde
  • Tilskot til fjerning av framande organismar

Samanslåinga er ikkje meint å vesentleg endra kva det kan søkast tilskot til. Eit av måla er at det skal bli enklare å søkje om midlar til tiltak for natur. Dei som tidlegare har søkt via éin eller fleire av desse ordningane kan no søke gjennom den nye ordninga.

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Vedlikehald, skjøtsel og restaurering
  • Innkjøp og montering av utstyr til skjøtselstiltak
  • Konkrete tiltak for enkeltartar, til dømes bevaringsutsetting og innsamling av frø
  • Etablere leveområde for ville pollinerande insekt
  • Bekjemping av framande artar
  • Kartlegging og overvaking i forbindelse med gjennomføring av tiltak
  • Utarbeiding av tiltaks- og skjøtselsplanar
  • Informasjonsarbeid
  • Tilpassa jordbruksdrift som gjennomførast slik at det biologiske mangfaldet i og i tilknyting til areal blir ivareteke eller forbetra

Det kan også bli gjeve tilskot til andre, liknande tiltak som er innafor ordningas formål.

Kven kan søkje:

Alle

Skatt

Vi gjer oppmerksam på at tilskot som vederlag for eigen arbeidsinnsats er å anse som skattepliktig inntekt, jf. skattelova § 5-10. Dersom du søkjer som privatperson vil den delen av tilskotet som gjeld eigen arbeidsinnsats bli utbetalt som skattepliktig lønn. Dersom du søkjer som næringsdrivande må denne delen av tilskotet førast inn i næringsoppgåva. Tilskot til dekning av dokumenterte utgifter i tilknyting til arbeidet er skattefritt, jf. skattelova § 5-11.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Gjenbruk av tidlegare innsendt søknad

Du kan bruke om att data frå tidlegare innsendt søknad. Du må framleis klikke deg gjennom søknadsvegvisaren, men dei fleste felta vil være fylt ut på førehand. Dine tidlegare innsendte søknadar finn du under menyvalet «Mine søknader». Du kan bruke om att søknaden ved å klikke på "Gjenbruk søknad".

Søknadsfrist:

15. januar 2025