Utlysning av tilskot til regionalt Klima- og miljøprogram

Søknadsfrist:
1. mars 2024 23:59
Målgruppe:
Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar), Fag - og næringsorganisasjonar mv. eller andre føretak
Ansvarleg:
Statsforvaltaren

Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise klima- og miljøtiltak og har for 2024 fått ei auka ramme og lyser ut kr 400 000,-. Det kan løyvast inntil 70 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag. Søknadsfrist 1. mars 2024.

Publisert 29.01.2024

Formål med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø. Prosjekta skal gje auka kunnskap om utfordringar og tiltak, effektive verkemiddel for næringa, god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og oppdatert rådgjeving til næringa innan felta klimagassutslepp, klimatilpassing og vassmiljø.

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald
  • Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, biologisk mangfald knytt til kulturmark, binding av karbon og produksjon av biogass
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ivareta produksjonsressursane

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

  • Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • Fag- eller næringsorganisasjonar mv.
  • Andre føretak

For å kunne søkje må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Søknad må vere loggført i Altinn med innlogging via ID-porten, innan 1. mars 2024.

Prioriteringar for 2024

Vi prioriterer prosjekt som styrker klimavenleg driftspraksis og kunnskap om klimautfordringar i jordbruket. Statsforvaltaren vil i 2024 prioritere søknader med fokus på følgjande område:

  • Vassmiljø/avrenning frå landbruksjord, t.d. fangdammar
  • Kunnskap om vassmiljø og presisjonsutstyr for redusert avrenning/optimalisering av gjødsling/sprøyting
  • Kunnskap kring ivaretaking/omsyn til naturmangfald og kulturminne

Søkjar må også legge fram korleis dei planlegg å nå ut med resultatet, samt gje faglege råd til næring/forvaltning.

Søknadsfrist:
1. mars 2024 23:59
Målgruppe:
Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar), Fag - og næringsorganisasjonar mv. eller andre føretak
Ansvarleg:
Statsforvaltaren