Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
- Ansvarleg:
- Miljøvernavdelinga
Humler, bier og blomsterfluer er blant dei insekta som pollinerer, eller bestøvar, ville blomster og avlingar. Du kan søkje om tilskot til tiltak som forbetrar leveområda til desse insekta.
Tiltak som kan få tilskot er:
- Restaurering av leveområde
- Skjøtsel
- Etablering av leveområde, til dømes areal for yngling, oppvekst, matsøk og skjul
- Etablering av spreiingskorridorar mellom artsrike områder og/eller andre viktige leveområde
- Nedkjemping av framande artar
- Informasjonstiltak
Tiltak som medverkar til etablering eller skjøtsel av areal med førekomst av mange raudlista arter, og tiltak for pollinatorar i trua naturtypar, vil bli prioritert.
Tiltak kan samfinansierast med miljøtilskot i landbruket og andre typar tilskot.
Kven kan søkje:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden
Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.
Gjenbruk av tidlegare innsendt søknad
Du kan bruke om att data frå tidlegare innsendt søknad. Du må framleis klikke deg gjennom søknadsvegvisaren, men dei fleste felta vil være fylt ut på førehand. Dine tidlegare innsendte søknadar finn du under menyvalet «Mine søknader». Du kan bruke om att søknaden ved å klikke på "Gjenbruk søknad".
Søknadsfrist:
- januar 2023
- Søknadsfrist:
- 15. januar 2023 23:59
- Målgruppe:
- Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.
- Ansvarleg:
- Miljøvernavdelinga
Kontaktpersonar
-
Marita Fjelle
Tlf: 71 25 84 61