Stor fare for snøskred - og mykje snø og vind
Frå midnatt, natt til fredag 3. januar, er det stor fare for snøskred i Møre og Romsdal. Det er også oransje varsel for mykje snø.
Publisert 02.01.2025
– Alle bør halde seg oppdatert om utviklinga både for snø og skred – og ikkje bevege seg i utsett terreng. Det kan bli generelt vanskelege køyreforhold heile fredagen. Derfor kan det vere lurt å vurdere å ta reisa ein annan dag, og i alle fall rekne ekstra tid på transport og køyring, seier fylkesberedskapssjef Gunnhild Anett Naas.
Les meir og følg med på utviklinga på www.varsom.no.
Stor fare for snøskred
Frå midnatt, natt til fredag 3. januar, er det stor fare for snøskred både i Trollheimen, i Romsdal og på Sunnmøre. Raudt varsel, faregrad 4.
Varsom.no skriv om skredfaren:
"Tørre flakskred vil løsne av seg selv på grunn av nysnø og sterk vind natt til fredag. Skred kan treffe utsatt infrastruktur eller bebyggelse. Unngå skredterreng."
Mykje snø
Det er også oransje varsel frå Meteorologisk institutt om mykje snø i løpet av fredagen. Det er venta lokalt 30-50 cm snø i fylket. Snøen kjem i lag med mykje vind.