Regional beredskap

Statsforvaltaren skal samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket og har eit særskilt ansvar for oppfølging og rettleiing av kommunane. Statsforvaltaren skal også føre tilsyn med at kommunane oppfyller krava om kommunal beredskapsplikt.

 
Krisehandtering
Statsforvaltaren har ansvar for å samordne innsatsen ved kriser og katastrofar som ikkje er redningsteneste, og som er alvorlegare enn at det reknast som normalrisiko og normalbelastning for innbyggjarane. Når det oppstår ei krise er Statsforvaltaren bindeledd mellom sentrale styresmakter og kommunane. Statsforvaltaren skal mellom anna vidareformidle varsling, samordne innsats og yte bistand til kommunane.

Samordning
Sjølv om kvar sektor og etat har ansvar for eige beredskapsplanverk, har Statsforvaltaren eit overordna ansvar for samordning på alle nivå og sektorar innan fylket. Som følgje av dette legg Statsforvaltaren stor vekt på nær kontakt og tett samarbeid med andre offentlege styresmakter og sentrale verksemder. Samarbeidet er knytt til førebygging, førebuingar og leiing ved innsats. I tillegg skal Statsforvaltaren samordne den sivile planlegginga med Forsvaret sine planar og behov.

Rettleiing og øving
Statsforvaltaren yter rettleiing og støtte til gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) og til planlegging og gjennomføring av øvingar for beredskapsorganisasjonen. For å trygge god handtering av kriser og katastrofar, må beredskapsplanar vere samordna og dei ulike aktørane må kjenne til kvarandre. Statsforvaltaren legg stor vekt på å arrangere møter, seminar og samlingar for å spreie kunnskap og utveksle erfaringar.

Fylkesberedskapsrådet
Fylkesberedskapsrådet er Statsforvaltaren sin møteplass for gjensidig orientering om beredskap. Medlemmene i rådet er oppnemnde av Statsforvaltaren, og her deltek leiarar frå statlege organ, fylkeskommunen og sivile nøkkelpersonar innan tele og kraft. Forsvaret og frivillige organisasjonar er også representert. Klikk på fylkesberedskapsrådet i venstre meny for å lese meir om fylkesberedskapsrådet.

Atomberedskap
Statsforvaltaren skal samordne den regionale atomulukkeberedskapen og bidra til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulukke. Statens strålevern er fagstyresmakt for strålevern og atomberedskap. Les her for meir informasjon.


Publisert 09.12.2019

Det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje

Sa fylkesmann Rigmor Brøste fredag 6. desember, under fagdagen for ordførarar og varaordførarar med tema samfunnstryggleik.