Beredskap

Oppdatert 29.05.2024

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, men når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, må vi ha ein plan for korleis vi skal handtere situasjonen. Vi treng planar for krisehandtering, og vi må øve på krisesituasjonar i tråd med planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Statsforvaltaren ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Statsforvaltaren skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Statsforvaltaren er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Statsforvaltaren skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Du er også ein del av Noregs beredskap

Vi lever i ei stadig meir uroleg verd - mellom anna på grunn av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere budde på at ekstremver, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råke oss. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår derfor at flest mogleg er budde på å klare seg sjølv i ei veke i ei krise. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje kan greie seg sjølv. 

Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? Kva viss du ikkje får handla på ei veke?

Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv ei veke, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål.

Sikkerhverdag.no har informasjon om kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir


Publisert 11.11.2020 av Administrator

Viktig karantenearbeid i Giske og Ålesund

Giske og Ålesund kommune samarbeider for å handtere behovet av karantenehotell for passasjerar som kommer frå utlandet og landar på Ålesund lufthamn – Vigra.


Publisert 20.05.2020

Stor sannsynlighet for stor vårflom

NVE, melder i sin vårflomanalyse 20. mai 2020. Flomutsikter for mai-juni 2020, om stor sannsynlighet for stor vårflom både i sør og nord. 


Publisert 27.02.2020

Koronaviruset har nådd Norge

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider og på helsenorge.no.


Publisert 09.07.2019

NVE varslar om rødt farenivå for Veslemannen

Grunna auka bevegelsar har NVE heva farenivået for Veslemannen til rødt.


Publisert 27.03.2019

Fylkesmannen rosar innsatsen til alle beredskapsaktørane

Det vart to dramatiske dagar då cruiseskipet Viking Sky og lasteskipet Hagland Captain kom i havsnaud ute på Hustadvika.


Publisert 24.03.2019

Fylkesmannen har satt krisestab

Fylkesmannen satt laurdag 23. mars krisestab i samband med hendingane på Hustadvika der cruiseskipet Viking Sky og Hagland Captain er i havsnød.