Evalueringsmøte om Mannen 21. januar 2015
21. januar 2015 arrangerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Rauma kommune eit felles evalueringsmøte om haustens skredfare frå fjellsida ved Mannen i Romsdalen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 11.02.2015
Målgruppa var nøkkelpersonar hos dei involverte aktørane og representantar for kommunar og andre beredskapsaktørar andre stader med tilsvarande risiko.
Referatet og lysarka frå møtet er tilgjengeleg i høgremargen.
Hovudsporet for oppfølging av erfaringar og læringspunkt er i det pågåande arbeidet med revisjon av nasjonal beredskapsplan for fjellskred og beredskapsplanverket for fjellskreda i Møre og Romsdal.