Fjord kommune - vedtak i klagesak - gnrbne 73140 - ny ferjekai Eidsdal
Statsforvaltaren er samd med Fjord kommune om at vilkåra for å gje dispensasjon for å utvide dagens ferjekai er oppfylt.
I samband med at Møre og Romsdal fylkeskommune skal leggje til rette for el-ferje på strekninga Eidsdal-Linge har dei søkt om løyve til å utvide ferjekaia i Eidsdal. Den nye kaia vil få ei lengd på totalt 60,5 meter.
- Saka var til handsaming hjå Statsforvaltaren også hausten 2022, og vi oppheva då kommunen sitt vedtak, forklarer seniorrådgivar Therese Småland.
Fjord kommunen har no gjort eit nytt vedtak basert på ein oppdatert søknad. Dette vedtaket har vi no stadfesta som riktig.
Store samfunnsinteresser
Fjord kommune har vurdert at det er ei stor regional samfunnsinteresse å få på plass ny kai for etablering av el-ferjer utan å måtte vente på ny reguleringsplan. Ferjesambandet Linge– Eidsdal fraktar stadig fleire turistar til Geiranger og verdsarvområda, og behovet for å auke kapasiteten på denne ferjestrekninga er stor. Ved å få ei større ferje aukar kapasiteten på sambandet og det vert mindre støy og klimagassutslepp. Prosjektet er difor viktig både lokalt og nasjonalt.
Ulemper for nausta
Ytterdal historiske naustlag klaga på kommunens vedtak. Naustlaget eig nausta som ligg ved ferjekaia.
- Vi er samd med kommunen om at dei ulempene som naustlaget opplever ikkje er større enn dei fordelane prosjektet gjev. Vi har av den grunn stadfesta vedtaket frå kommunen, avsluttar Småland.