Seier nei til utviding av Storfjord hotell

Illustrasjon frå søknaden. Eksisterande bygningsmasse i kvit.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har endra Ålesund kommunen si godkjenning til utviding av Storfjord hotell til avslag. Utvidinga bør først skje etter at ny reguleringsplan for området er godkjent.

Publisert 18.03.2025

Stor utviding

Storfjord Hotell på Øvre Glomset har planar om ei storstilt utviding av dagens hotell. Prosjektet gjeldt både utviding av spa-avdelinga og ny restaurant og kjøkken, samt utviding av romkapasiteten for å kunne ta imot fleire gjestar. Hotellet søkte om fleire dispensasjonar frå gjeldande lov- og planverk for å få planane godkjent. Dette gjaldt mellom anna reguleringsplanens reglar om maksimalt tillat nedbygd areal på hotellområdet.

- I denne saka utgjer den nye bygningsmassen og parkeringsareal ei tredobling av dagens nedbygde areal. Overskridinga av reglane om maksimalt nedbygd areal blir nært dobla. I vår gjennomgang av saka fant vi at dei rettslege vilkåra for å gje dispensasjon frå tillat utnyttingsgrad ikkje er oppfylt, forklarar seniorrådgivar Therese Småland hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Ny reguleringsplan under arbeid

Fleire grunneigarar på Øvre Glomset klaga på at hotellet fekk godkjent planane. Dei har peikt på at vedtaket får konsekvensar også for nærområdet og for dei som bur langs vegen opp til hotellet. Desse klagarane vert no høyrt.

- Storfjord hotell starta opp arbeidet med ein ny privat reguleringsplan for hotellområdet og omkringliggjande areal i 2023. I ein reguleringsplan er forhold som grad av utnytting og forholdet til infrastruktur og tilkomst noko som står sentralt. Hotellet ligg i eit viktig friluftsområde som ellers er lite utbygd. Korleis området som heilskap vert påverka av ei slik utbygging er viktige tema i ein reguleringsplanprosess, og det er difor uheldig om ein no skal få dispensasjon frå gjeldande planverk som allereie er under endring. Dei rettslege vilkåra for å gje dispensasjon er i ein slik situasjon ikkje oppfylt, avsluttar Småland.