Reguleringsplanen for Malmedalen bilsportanlegg er endeleg godkjent

Statsforvaltaren har stadfesta Hustadvika kommunes vedtak om nytt bilsportanlegg i Malmedalen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2023

Bil- og rallycrossbane

Formålet med reguleringsplanen har vore å legge til rette for bil- og rallycrossbane i Malmedalen. Anlegget er planlagt i forlenginga av eksisterande gokartbane og NAF øvingsbane i området.

Jordvern

Grunneigar av anleggstomta klaga på Hustadvika kommunes planvedtak. Klaga er i stor grad knytt til landbruksomsyn.

– I nasjonal jordvernstrategi har Stortinget vedtatt strenge retningsliner for å omdisponere landbruksjord. Planforslaget har vore til uttale hjå ulike fagmynde, og desse har ikkje gått imot planen, seier seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren, Andreas Welle Rusten.

Kommunen har vurdert interessene

Han fortel at kommunen har gjort grundige vurderingar av interessene som gjer seg gjeldande i området.

– Dei har kome til at fordelane med å legge til rette for motorsportanlegg veg tyngst. Dei legg mellom anna vekt på det å samle støyande fritidsaktivetar på éin stad, og at området ikkje består av større, samanhengande landbruksareal, seier Rusten.

Statsforvaltaren stadfestar

Statsforvaltaren stadfestar at reguleringsplanen er vedtatt etter saklege omsyn, og har ikkje hatt merknadar til kommunens vurderingar.