Molde fotball AS får utvide fotballbana på Lubbenes
Statsforvaltaren stadfestar Molde kommune sitt rammeløyve til å utvide grasfotballbana på Lubbenes.
Molde fotball AS har søkt om rammeløyve til å utvide og rehabilitere treningsfeltet på Lubbenes. Utvidinga er cirka tolv meter mot vest i retning mot Retiroskogen. Utvidinga har ingen samanheng med den pågåande diskusjonen om fleire fotballbaner i området.
Molde kommune konkluderte med at utvidinga er i tråd med gjeldande regelverk og gav rammeløyve til tiltaket 21. april 2023. Naturvernforbundet klaga på vedtaket. Dei meiner Retiro-området skal vere eit allment tilgjengeleg natur-, kultur- og friluftsområde, og at området derfor bør vurderast i ein heilskapleg reguleringsprosess.
Utvidinga er i samsvar med regelverket
Utvidinga av fotballbana vil skje på eit areal som i kommuneplanens arealdel er avsett til idrettsanlegg. Kommuneplanen sett ikkje krav om å utarbeide detaljreguleringsplan for slike tiltak.
– Kommunen har i arbeidet med kommuneplanen og i sitt vedtak av den tatt konkret stilling til at idrettsanlegget på staden kan utvidast. Dette er ei mindre utviding av eksisterande treningsfelt, seier rådgivar Martine Lange Sætre hos Statsforvaltaren.
Naturmangfaldet i Retiroskogen blir ikkje påverka av utvidinga
I naturbasekartet til Miljødirektoratet er det registrert to funn av sterkt trua ask og trua parkgullvetann i Retiroskogen. Bygningsmyndigheitene har derfor vurdert utvidinga av fotballbana opp mot reglane i naturmangfaldlova, og kome til at prinsippa i lova ikkje blir sett til sides.
– Vi støttar kommunen sine vurderingar. Utvidinga av banen inneber små terrenginngrep og er relativt beskjeden. I tillegg blir det sett opp gjerder rundt bana som sikring mot Retiroskogen for å minimere arealbrukskonfliktar, seier Lange Sætre.