Godkjenner ladeanlegg ved ferjekaia i Eidsdal
Statsforvaltaren endrar Fjord kommune sitt vedtak, og gir Fjord1 løyve til å oppføre ladeanlegg ved Eidsdal ferjekai.
Ferjesambandet Linge-Eidsdal skal bli elektrisk. Det gir behov for ladestasjonar på ferjekaiene. Fjord1 søkte om løyve til å bygge eit teknisk bygg og ei lademast på ferjekaia i Eidsdal.
– Kommunen godkjente først tiltaket, men snudde, og gav avslag etter tre klager. Klagene var knytt til at plasseringa av det tekniske bygget ville gi negative verknader for næringsliv og bebuarar i området. Klagarane ønska ei alternativ plassering av det tekniske bygget, fortel seniorrådgivar og jurist Therese Småland hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Alternative plasseringar er ikkje gode
Fjord1 klaga på avslaget, og argumenterte mot alternative plasseringar. Statsforvaltaren har no gått gjennom klaga, og vurdert alternative løysingar.
– Ei anna plassering av dei tekniske bygga, eksempelvis på Coop-tomta som er føreslått, vil føre til betydelege og irreversible terrenginngrep i grunnen gjennom fleire eigedomar, seier Småland.
Ho fortel at ei lengre avstand frå kaia til teknisk bygg også vil auke kostnadene både ved etablering og vedlikehald.
– Lange avstandar betyr lengre og fleire kablar som fører til utfordringar. Ei plassering av dei tekniske bygga i andre deler av Eidsdal sentrum vil også potensielt skape fleire arealkonfliktar. Vi ser difor ikkje at det er andre alternative plasseringar som bidreg til å bøte på ulempa av tiltaket eller som fører med seg andre fordelar, seier ho.
Viktig for det grøne skiftet
– Ladestasjonane, og elektriske ferjer, er viktige tiltak for å redusere utsleppa frå transportsektoren. Derfor er det også tungtvegande samfunnsomsyn som talar for at vi gir Fjord1 løyve til å bygge ladestasjonen i Eidsdal, avsluttar Småland.