Godkjenner bygningsendringar i uthus knytt til tømmerkoie i naturreservat

Bilde: Søkar

Statsforvaltaren har stadfesta Surnadal kommune si godkjenning av tilbygg til og installering av badstove i uthuset.

Publisert 19.12.2024

Den vesle tømmerkoia med uthus ligg i Svartåmoen naturreservat i Surnadal kommune. Grunneigaren ønsker å bygge eit mindre tilbygg til uthuset for å kunne lagre ved utandørs. Rommet veden har blitt lagra i fram til no står då ledig, og grunneigaren ønsker å endre bruken til badstove. Vernestyresmaktene har godkjent bruken i samband med verneføresegner og opp mot naturmangfalda.

Spørsmålet Statsforvaltaren skulle ta stilling til var om endringane fører til at føremålet med eigedomen vert endra frå eit landbruksbygg til ein fritidsbustad.

Ført opp i samband med tømmerdrift

Tømmerkoia og uthuset er av enkel stand og vart sett opp i 1985 i samband med skogsdrift i området. Etter den tid har eigedomen vorte del av Svartåmoen naturreservat, men det er framleis lov å hogge deler av skogen for sal til Trollheimshytta.

- I dette området er det berre lov å ha bygningar som er naudsynt for landbruksdrift og andre former for gardstilknytt verksemd. Slike skogskoier som primært vert nytta i samband med tradisjonell landbruksdrift, er som eit utgangspunkt i samsvar med dette, forklarer seniorrådgjevar Therese Småland hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

 

Bygningane er framleis landbruksbygg  

I klagebehandlinga la vi vekt på at uthuset etter endringane framleis vil ha enkel standard, og at ynskje om ombygging i hovudsak er knytt til praktiske og bygningsmessige forhold.

- Sjølv om ei badstove vil auke komforten på eigedomen, har vi etter ei totalvurdering kome til at den endringa som skjer ikkje fører til at bygga eller eigedomen må karakteriserast som ein fritidseigedom. Vi har av den grunn stadfesta kommunen sitt løyve til tiltaka, avsluttar Småland.