Endringar i reguleringsplan for E136 Breivika - Lerstad er stadfesta godkjent

Illustrasjon henta frå planomtalen utarbeidd av Statens vegvesen region midt

Statsforvaltaren stadfestar reguleringsplanen for ny tunnel mellom Breivika – Lerstad.

Publisert 08.01.2025

Ny 136 mellom Breivika og Lerstad

Ålesund kommunestyre vedtok i februar 2023 detaljreguleringsplan for endra tunneltrasé mellom Breivika og Lerstad. Kommunen hadde opphavleg planlagt for ein betongtunnel langs Lerstadvegen. I den nye reguleringsplanen blir tunnelen lagt noko lenger sør som ein tunnel gjennom fjellet.

Statsforvaltaren oppheva denne planen i oktober 2023 grunna feil bruk av regleverket og returnerte saka til kommunen. Reguleringsplanen er no endra og på nytt godkjent av kommunen, denne gongen utan formelle innhaldsfeil.  

- Reguleringsplanen er viktig for Ålesund kommune og er ein sentral del av bypakke Ålesund. Reguleringsendringa med tunnel i fjell fører til eit meir miljøvennleg, tryggare og billigare prosjekt samla sett, noko som er lagt avgjerande vekt på av kommunestyret i Ålesund, fortel seniorrådgivar Therese Småland hjå Statsforvaltaren.

Stadfesta til trass for sakshandsamingsfeil

Planvedtaket blei på nytt klaga på til Statsforvaltaren. Klagene gjeld i hovudsak påståtte sakshandsamingsfeil knytt til manglande høyring av involverte partar og at det ikkje har vorte gjennomført ei fullstendig konsekvensutgreiing.

- Vi er einig med klagarane i at det skulle ha vore gjennomført ei konsekvensutgreiing då tunneltraseen blei lagt om samanlikna med den opphavlege planen, seier Småland.  

Reguleringsplanen blei likevel stadfesta godkjent av Statsforvaltaren.

- Vi har sett på om sakshandsamingsfeilen fører til at vedtaket er ugyldig, men har kome til at vedtaket kan stadfestast som gyldig. Hovudårsaken til det er at ei konsekvensutgreiing hadde ikkje tilført denne saka meir kunnskapsgrunnlag enn det som allereie ligg føre, avsluttar Småland.