Det var riktig av Sula å ikkje behandle klager

Statsforvaltaren stadfestar at det var riktig av Sula kommune å ikkje behandle klagene på planvedtaket om gondol på Sulafjellet.

Publisert 31.10.2024

Kommunestyret i Sula kommune vedtok i juni 2024 reguleringsplanen «Områdeplan for Sulafjellet». Formålet med planen er å legge til rette for ei gondolbane frå Langevåg til Sulafjellet, med startpunkt ved Devoldfabrikken og toppunkt på Rundehornet.

Departementet avgjer grunna motsegn

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har motsegn til planen. Motsegnene gjeld for planen i seg sjølv, og omfattar tema om barn og unge, friluftsliv, landskap og naturmangfald.

- Når det ligg føre motsegn til ei plan, blir planvedtaket sendt til departementet. Det er departementet som til slutt avgjer om planvedtaket er akseptabelt eller om motsegna skal takast til følgje, seier seniorrådigvar Andreas Welle Rusten.

Klage på planvedtaket

Arbeidet med reguleringsplanen har også vore omstridd lokalt. Kommunen fekk fleire klagar på vedtaket då planen blei godkjent. Sula kommune har avvist å behandle desse, og dermed ikkje tatt stilling til innhaldet i klagene.

- I utgangspunktet er det klagerett på vedtak av reguleringsplan. Men i dei tilfella det ligg føre motsegn til planen, har ikkje kommunens planvedtak rettsverknad før det eventuelt er stadfesta godkjent av departementet. Det er også uttrykkeleg lovfesta at det ikkje er mogleg å klage på departementet si avgjerd, fortel Welle Rusten.

Statsforvaltaren har difor stadfesta at det var riktig av kommunen å ikkje behandle klagene.