Nyheitsbrev om plan desember 2022

Solen ligger lavt bak fjellene.
Ausskjeret, Sykkylven. Foto: Andreas Rusten Welle.

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene i årets siste nyheitsbrev.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2022

Berekraft i distriktskommunar

Distriktssenteret har utarbeidd ein rapport der dei har utforska korleis innbyggarar i distriktskommunar forstår berekraft, og korleis distriktskommunar arbeider med berekraftig samfunnsutvikling. Rapporten gir innsikt i kva innbyggarar i distriktskommunar meiner og tenker. Rapporten viser til at samarbeid, tillit, god og langsiktig planlegging, involvering, levande lokalsamfunn, tilflytting, tilgang til kompetent arbeidskraft og korte beslutningsvegar er med på å fremme berekraftig samfunnsutvikling i distriktskommunane.

Ørsta har fått tilskott til kommunal jordvernstrategi

Landbruksdirektoratet har tildelt ein million kroner til ni søkarar, til saman 16 kommunar, som skal utarbeide jordvernstrategiar. Ørsta har fått tilskott. Eitt av krava som er sett til dei som får tilskott, er at kommunen har fatta politisk vedtak om oppstart av arbeidet innan 1. november i år.

– Føremålet med å utarbeide kommunale jordvernstrategier er auka kunnskap om jordbruksareala og auka merksemd rundt jordvernet. Eg har forventningar til at desse kommunane på den måten bidrar til å redusere nedbygging av dyrka mark, og at dei kan vere eksempel for andre kommunar, seier landbruks- og matminister Sandra Borch på nettsida regjeringa.no.

Fylkesstrategi på høyring

No kan du svare på høyringsframlegget til Fylkesstrategi for miljø, klima og energi 2023 - 2026. Strategien skal gi retning for heile fylket, ikkje berre for fylkeskommunen. Fylkesplan for berekraftsfylket utdjupar det langsiktige utviklingsmålet. Fylkesstrategi for miljø, klima og energi skal vere meir konkret enn fylkesplanen og beskrive kva vi skal gjere på vegen for å nå målet. Frist for svar på høyringa er 24. februar 2023.

Planar for berekraftfylket i 2023

Berekraftfylket Møre og Romsdal kjem i 2023 til å ha ei eiga prosjektsatsing for å styrke integrert og heilskapleg arbeid med berekraft i plan- og styringsprosessar. Vi har hausten 2022 kartlagt behov i dialog med fleire kommunar og planressursar i fylkeskommunen, og vil legge opp til felles aktivitet både digitalt og fysisk frå neste år. Arbeidet vil ta utgangspunkt i tre overordna spørsmål:

  • Korleis bruke (kunnskapen frå) U4SSC-indikatorane strategisk og praktisk i plan- og styringsprosessar?
  • Kva berekraftsområde manglar vi kunnskap om og/eller har vi behov for å vidareutvikle U4SSC-metodikken på? Og korleis kan vi løyse dette?
  • Korleis kommuniserer vi kunnskap, og aukar kompetansen om berekraft, effektar og/eller målkonfliktar i plan- og styringsprosessar, politiske prosessar og i dialog med innbyggarar?

Vi vil ta i bruk taksonomien for sortering av indikatorar etter berekraftsmåla utvikla av KS og SSB i arbeidet.  Det kjem meir info om prosjektsatsinga i årsskiftet.

Kartlegging av berekraftsmåla i kommuneplanens samfunnsdel

Dei siste to månadene har ei gruppe internt ved Campus Kristiansund undersøkt korleis kommunane i Møre og Romsdal har integrert berekraftsmåla i kommuneplanens samfunnsdel. Rapporten med funna er snart klar for deling, og vil gi ei nyttig oversikt over korleis ulike kommunar har løyst dette.

Det nasjonale berekraftsnettverket

Det nasjonale berekraftsnettverket for kommunesektoren arrangerer kvar siste fredag i månaden «Berekraftsfredag» - ein uformell møteplass med kompetansepåfyll og diskusjon innafor ulike tema. Vil du få innkalling til møta, kan du melde deg på via KS sine nettsider.

Økosystembasert tilnærming til berekraftsarbeid

Rita Nerland forskar gjennom ein offentleg sektor phd i Molde kommune på berekraftsarbeidet i kommunesektoren. Første artikkel er publisert og argumenterer blant anna for at ein i auka grad bør legge til grunn ei økosystembasert tilnærming til berekraft. Det er publisert eit debattinnlegg i Kommunal Rapport. Der finst også lenke til sjølve forskingsartikkelen.

Berekraftig områdeutvikling – smultringøkonomien

Smultringøkonomi er eit rammeverk for berekraftig utvikling som ser på korleis ein kan utvikle samfunn som oppfyller menneske sine behov utan å overskride planeten sine tolegrense. Rammeverket kan nyttast i stadutvikling og områdeutvikling. Hav Eigedom har laga ein norsk guide til korleis ein kan bruke metodikken i praksis.

Fylkesstatistikk 2022

Fylkesstatistikk 2022 er no lagt ut i ny digital utgåve på heimesidene til Møre og Romsdal fylkeskommune. Diagram og tabellar kan lastast ned, noko som gjer det enkelt å bruke desse i presentasjonar og rapportar. Fylkesstatistikken ligg òg ute i pdf-format, for dei som ønskjer å lese han i dette formatet.

Stortingsmelding om villrein

Utviklinga for villreinen i Noreg har over lang tid gått i feil retning. Regjeringa har difor vedtatt å lage ei stortingsmelding og tiltaksplanar for dei einskilde nasjonale villreinområda. Her vil regjeringa vurdere kva for grep som må takast for å berge villreinen.

Datoar for regionalt planforum i 2023

Datoar for regionalt planforum er fastsette til 15. februar, 22. mars, 26. april, 24. mai og 14. juni. Kvar månad arrangerer vi regionalt planforum for kommunar og regionale etatar.

Planforumet skal drøfte konkrete plansaker, utveksle informasjon og avklare konkrete spørsmål og sektorinteresser. Det skal også bidra til at vi samordnar ulike interesser og syn, raskare får avklart ulike problemstillingar og oppnår meir samstemt praksis i plansaker. Regionalt planforum skal styrke planlegginga generelt og førebygge konflikter. Har du ein stor planprosess i kjømda, kan planforum vere ein viktig arena.

Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging

Kommunal- og distriktsdepartementet gjennomførte nettverkssamling for regional og kommunal planlegging i månadsskiftet november/desember. Foredraga ligg tilgjengelege på nettsida til departementet.

Nytt kartlag i GisLink

Det er lagt til eit nytt kartlag som heiter «Sjøaure_MR» under «Artar» i GisLink. Det nye kartlaget vil vere nyttig for dei som jobbar med areal- og utsleppssaker. Kartlaget stammar frå eit kartleggingsprosjekt mellom Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommune frå 2020. Kartlaget «Sjøaure_MR» inneheld info om fleire bekkar og elvar enn kartlaget «Anadrom strekning» som allereie ligg i GisLink.

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegginga 2023

Kommunane kan søke om tilskot frå Miljødirektoratet til å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald. Målet med ordninga er å styrke naturforvaltninga i kommunane og bidra til større bevisstheit kring eigne naturverdiar i kommunale planprosessar og arealforvaltning. Fristen for å søke om tilskot er 1. februar 2023.

Kartlegging av tomtereservar for fritidsbustader i Noreg

På oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Norsk insititutt for naturforskning (NINA) kartlagt tomtereserven for fritidsbustader i gjeldande kommunale planar. Rapporten gir kunnskap om kor store areal som er tilgjengelege for hyttebygging, og kor desse områda ligg i forhold til miljø- og samfunnstema (høgde over havet, avstand til tettstad og veg, lokalisering i høve skoggrensa, strandsona langs sjøen, villreinens leveområde, reindriftsområde, og omfang av myr).

Lokalisering av handel og service – styring gjennom planlegging etter plan- og bygningslova

På oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har Civitas gjennomført eit utgreiing av korleis lokalisering av handel og service kan styrast gjennom planlegging etter plan- og bygningslova på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Rapporten kan lesast her.

Ny plansamordnar

Frida Farstad Brevik starta som ny plansamordnar hos Statsforvaltaren 1. oktober 2022, og tar over etter tidlegare plansamordnar Sveinung Parr Dimmen. Brevik er jurist, og har lang fartstid hos Statsforvaltaren. Ho har tidlegare jobba med behandling av klagesaker etter plan- og bygningslova.

Rullering av regionale planar

Fylkeskommunen har evaluert det regionale plansystemet internt i haust, og skal no i gang med rullering av Regional planstrategi og fylkesplan, med tilhøyrande kunnskapsgrunnlag.

Ved førre rullering vart heile det regionale plansystemet kasta om på, mellom anna på grunnlag av FN sine berekraftsmål. Det har vore gjennomført, og er i gang, svært mykje planarbeid i form av fylkesstrategiar.

Dette gir eit heilt anna utgangspunkt enn ved førre rullering, og eit heilt anna kunnskapsnivå. Denne rulleringa blir derfor meir ei form for justering samanlikna med førre rullering. Likevel må nye trendar og utfordringar bli fanga opp, få sin plass, og bli følgd opp i det nye plansystemet. I dette arbeidet vil vi og vurdere nye arbeidsmetodar med sikte på å styrke kommuneplanens samfunnsdel som strategisk styringsverktøy, i tråd med KS-prosjektet Nye arbeidsformer.

Rettleiar for Fortetting med kvalitet i Møre og Romsdal

Som ein del av arbeidet med Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader, og del av Program for by- og tettstadutvikling, vart det utarbeidd ein rettleiar for Fortetting med kvalitet. Formålet er at rettleiaren skal peike på viktige kvalitetar som bør bli teke omsyn til i planar og prosjekt, og kva krav til dei som kjem med forslag til arbeid dette omfattar. Rettleiaren er bestilt av Møre og Romsdal fylkeskommune og utforma i samarbeid mellom arkitektfirmaet Gottlieb Paludan Architects (GPA) i Oslo og Trondheim og Advansia Trondheim. Du finn rettleiaren på fylkeskommunen si heimeside.

Landbruksstrategien vedteken

Fylkestinget vedtok fylkesstrategi for landbruk 12.12.22. «Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar» er det overordna målet i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026.

Regional plan for vassforvaltning godkjend

Regional plan for vassforvaltning i vassregion Møre og Romsdal 2022 – 2027 vart godkjent av Klima- og miljødepartementet 31. oktober i år. Vassforvaltningsplanen skal leggjast til grunn for regionale organ si verksemd, og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i regionen, jf. vassforskrifta § 29 og plan- og bygningslova § 8-2.

FKP-konferansen

Forum for kommunal planlegging inviterer til den tradisjonsrike kommuneplankonferansen 13.-14. februar 2023 i Gjøvik kulturhus. Temaet er planlegging som verktøy for å møte dagens og morgondagens utfordringar - med særleg vekt på klimaendringar, arealbruk og naturmangfald. Påmelding og fleire opplysningar finn du her.

Bygdevekstavtalar

Kommunal – og distriktsdepartementet (KDD) oppfordra kommunane i juni i år om å søke for å vere med i utprøving av bygdevekstavtalar som nytt distriktspolitisk verkemiddel. Det overordna målet for bygdevekstavtalane er å bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg.

KDD har no vald ut fem pilotar i Finnmark og Trøndelag. Ordninga vert utvida i 2023 frå 10 til 25 mill. kroner og midlane vert lyste ut i første halvår 2023.