Departementet godkjenner ikkje planen for Tue-krysset
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) peiker på nasjonale jordverninteresser og godkjenner ikkje reguleringsplanen for Tue-krysset i Vanylven.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal fremja motsegn til Vanylven kommune sin reguleringsplan om å etablere turistknutepunkt i Tue-krysset. Planen var knytt til bygginga av Stad skipstunnel. Motsegna var grunngjeven med at planen medførte å byggje ned dyrka jord. Jordtapet omfatta fem dekar fulldyrka jord av stor verdi, og kunne også gi eit stort press om vidare nedbygging i området.
KDD peika i sin avgjerd på at planen var i strid med nasjonale jordverninteresser og tok motsegna frå Statsforvaltaren til følgje. KDD peika også på at kommunen burde vurdere grundigare om tiltaket kunne lokaliserast innanfor Åheim sentrum.
Kontaktpersonar
-
Kari Bjørnøy
Tlf: 71 25 84 05 / 93 20 85 97