Motsegn, mekling og klage

Statlege og regionale organ kan fremje motsegn (innsigelse) mot kommunale planar som er i strid med nasjonale eller regionale interesser. Statsforvaltaren grip inn i kommunal arealforvaltning ved å varsle eller fremje motsegn, og ved å klage på vedtak i dispensasjonssaker.

Publisert 21.09.2021, Sist endra 21.09.2021

Motsegn

Kommunen har ansvar for at nasjonale og regionale interesser blir tatt omsyn til i planlegginga. Statlege og regionale organ skal medverke i planarbeidet slik at desse interessene vert innarbeidd i planane. Reglane om motsegn skal sikre at kommunane ikkje vedtar planar i strid med nasjonal eller regional politikk.

Når det ligg føre ei motsegn til eit planforslag kan ikkje kommunen vedta planen. Saka kan gå vidare, anten ved at kommunane endrar planen, det vert gjennomført mekling, eller at planen går direkte til avgjerd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dersom kommunen tar motsegna til følgje og endrar planen må dei sende det reviderte planutkastet til etaten som har fremja motsegna. Motsegna skal vere trekt formelt (skriftleg) før kommunen kan vedta (eigengodkjenne) planen. Det er utarbeidd eit eige rundskriv H-2/14 om retningslinjer for motsegn i plansaker. Rundskrivet gir ein nærare omtale av motsegnsordninga, oversending av saker til departementet og departementet si vidare behandling av sakene.

Mekling

Dersom planen går til mekling og ein ikkje kjem fram til ei løysing, vil saka gå til avgjerd i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Klage

Statsforvaltaren kan klage på enkeltvedtak etter plan- og bygningslova. Klageretten gjeld ikkje i plansaker der Statsforvaltaren kunne ha fremja motsegn, til dømes eit kommunalt vedtak om godkjenning av ein reguleringsplan.

Du kan lese meir om motsegn, mekling og klage på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine nettsider www.planlegging.no