Vil du jobbe hos oss?
Eller har du søkt jobb og har spørsmål om prosessen?
Her finn du informasjon om oss og om rekrutteringsprosessen vår.
Lær meir om oss!
Vi er om lag 150 tilsette som arbeider for ei trygg framtid for folk og natur. Vi har sterke fagmiljø, og samfunnsoppdraget vårt krev samfunnsforståing, kontinuerleg læring og tverrfagleg samarbeid. På kontorstaden vår i Molde, held vi hus saman med andre offentlege etatar.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er ein arbeidsplass som famnar mange ulike fagfelt, kompetansar og kvalifikasjonar. Vi arbeider for å følgje opp Stortinget og regjeringa sine mål og retningsliner.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi samordnar også anna statleg forvaltning i fylket og tar del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommune og kommunar.
Les meir om organisasjonen vår: Organisasjonen | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Slik er den praktiske arbeidskvardagen vår
Vi har eigne cellekontor, opne dører og uformell kultur. I sosiale soner har vi minikjøkken, drikkeautomat og fruktfat. Her treff vi kollegaer og kan slå av ein uformell prat.
Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast på jobb, meistre oppgåvene og vere inkludert i arbeidsmiljøet. Derfor har vi aktivitetar som støttar opp under dette – mellom anna velferdsarrangement og medarbeidardagar.
Kantina er felles for alle som jobbar i huset. Her får vi kjøpt både varm og kald mat.
Vi har eit treningsrom som alle kan bruke, anten dei er medlem i bedriftsidrettslaget eller ei. Vi kan bruke ein time i veka til trening i arbeidstida, i treningsrommet eller ute.
Arbeidstida er frå klokka 08.00 – 15.30. Vi har fleksitid med kjernetid frå klokka 09:00 – 14:30. Opparbeida fleksitid kan vi avspasere.
Om oppgåvene ligg til rette for det, kan vi inngå avtale om heimekontor inntil to dagar i veka.
God pensjonsordning har vi gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Tilsette vert trekt to prosent av brutto lønn til obligatorisk premieinnskot, medan arbeidsgivar sett inn sin del. I Statens pensjonskasse får du mellom anna tilgang til gunstige bustadlån.
Vi har elles gode avtalar og fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjonar, med eller utan løn.
Rekrutteringsprosessen vår
Vi stiller store krav til oss sjølv i rekrutteringsprosessane våre. Vi vurderer kompetansen til søkarane opp i mot dei krava vi har til stillinga, og prosessane kring rekrutteringa er godt dokumenterte og etterprøvbare.
1. Vi kunngjer ledig stilling
Stillingane våre blir kunngjort på vår eiga nettside, på Ledige stillinger - arbeidsplassen.no (nav.no) og på jobbsida vår. I kunngjeringa informerer vi om oppgåver i stillinga, og om kva kvalifikasjonar vi vil at søkaren skal ha.
2. Vi behandlar søknadane
Etter søknadsfristen sjekkar vi om søkarane har kvalifikasjonane vi er ute etter. Vi leiter i søknad og CV. Derfor er det viktig at søknaden er komplett utfylt.
Vi ser også etter motivasjonen søkaren har for stillinga, relevant utdanning og erfaring.
Vi følgjer kvalifikasjonsprinsippet når vi vurderer søknadane. Det gjer vi for behandle alle søkarane likt. Om det er mange kvalifiserte søkarar, kallar vi inn dei vi finn best kvalifisert til intervju. Søkarar som ikkje fyller minimumskrava, blir ikkje vurdert som aktuelle vidare i prosessen.
Om du har søkt og ikkje blir kalla inn til intervju, kan det vere fordi konkurransen om stillinga er stor, eller fordi vi i denne runda ser etter andre kvalifikasjonar. Men: Kanskje har vi ei stilling for deg og din kompetanse seinare? Velkommen til å søke hos oss igjen!
3. Vi gjennomfører intervju og referansesjekk
Dei søkarane som best fyller kvalifikasjonskrava i kunngjeringa, kallar vi inn til intervju. Sjølve intervjuet gjennomfører vi enten digitalt, eller på kontoret vårt i Molde. I intervjuet møter du leiar for fagområdet, ein medarbeidar frå HR/personal og ein representant frå dei tilsette. I etterkant av intervjuet sjekkar vi referansar.
4. Vi tilsett
Leiar for den ledige stillinga, vil med bakgrunn i søknad, intervju og referansar lage ei innstilling som blir behandla i tilsettingsrådet vårt. I innstillinga blir kandidatane vurdert og rangert. Tilsettingsrådet vedtar tilsetting på bakgrunn av innstillinga.
Vi sender eit skriftleg tilbod til den som er innstilt først på lista for tilsetting. Om denne takkar ja til stillinga, vert det inngått ein arbeidsavtale.
Alle søkarar får informasjon om resultatet av tilsettingsprosessen.
Ny hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Når du har takka ja til stilling hos oss, tar vi kontakt for å få ein nærare avtale om oppstart, dag og klokkeslett.
Vi lagar ein plan for den første tida i jobben. Da får du mellom anna ein introduksjon til sentrale personar og støttefunksjonar. Du får tid til å bli kjent med oss og får gradvis meir og meir sjølvstendig ansvar for oppgåvene dine.
Samstundes som du setter deg inn i det faglege i den nye stillinga di, vil du også delta i opplæring om å vere tilsett i staten og hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Våre ledige stillingar
Vil du jobbe hos Statsforvaltaren?
Les meir om ledige stillingar hos andre statsforvaltarar rundt om i landet:
Ledige stillinger | Statsforvaltaren.no (statsforvalteren.no)