Ny statsforvaltar: Else-May Norderhus

Foto: Stortinget.

Fredag 1. oktober tiltrer Else-May Norderhus som statsforvaltar i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.09.2021

– Eg ser fram til å legge politikarrolla på hylla og gå inn i denne nye og spennande jobben som statsforvaltar i Møre og Romsdal, seier Else-May Norderhus.

Ho vart utnemnt til statsforvaltar i oktober 2018, og tiltrer no etter å ha fullført sin tredje periode på Stortinget. Ho har representert Arbeiderpartiet i Møre og Romsdal.

Klar for nye oppgåver!

– Tenk å få fortsette å jobbe med heile Møre og Romsdal som ansvarsområde – og samtidig kunne få bu heime i Molde, seier den nye statsforvaltaren. 

Sidan 1999 har ho hatt Møre og Romsdal som ansvarsområde i ulike jobbar.

– Så eg er rimeleg godt kjent her i fylket, smiler ho.

Skal på kommunebesøk

No gleder den nye statsforvaltaren seg til å treffe alle dei 150 tilsette hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Ho ser også fram til å møte alle Statsforvaltaren sine samarbeidspartnarar på dei ulike ansvarsfelta.

– Så har eg tatt mål av meg å besøke alle kommunane i fylket før jul. Det ser eg veldig fram til. Samarbeidet og dialogen med kommunane er viktig for Statsforvaltaren.

Ser fram til berekraftig samarbeid

Else-May ser fleire utfordringar som Statsforvaltaren må arbeide vidare med.

– Vi lever i ei uroleg verd med trusselbilde som på mange måtar kjem nærare oss alle. Det gjeld til dømes innan tryggleik og beredskap og innan klima og miljø. Vi hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal forvalte vårt ansvar på desse områda på ein god måte. Vi skal gjere det saman med samarbeidspartnarar og i dialog med kommunane.

Den nye statsforvaltaren meiner at det er viktig å kunne sjå det store biletet, og handtere utfordringane regionalt og lokalt.

– Den felles regionale satsinga på berekraft og målet om å nå FN sine 17 berekraftsmål innan 2030 gjer Møre og Romsdal til eit føregangsfylke. Og det forpliktar oss. Eg ser verkeleg fram til å få reise meir i denne flotte regionen, og gleder meg til å jobbe for eit sterkt Møre og Romsdal. Vi må sjå styrkane hos kvarandre og byggje berekraftige samarbeid, seier den nye statsforvaltaren Else-May Norderhus.

Fakta

Else-May Norderhus (tidlegare Botten) har vore på fylkestinget og Stortinget for Arbeiderpartiet. Ho har sitte i sentralstyret til Arbeiderpartiet i åtte år. Ho har hatt ulike styreverv. Else-May Norderhus har tatt studiar ved Høgskolen i Molde, Universitetet i Bergen og ved Høgskolen i Vestfold.

Rigmor Brøste var konstituert statsforvaltar frå 2019 og fram til Else-May Norderhus no tiltrer stillinga. Brøste går tilbake til stillinga som assisterande statsforvaltar.