Ny lenkje til "sikker melding"

«Sikker melding» har fått ny lenkje. Den gamle lenkja fungerer ikkje lenger.

Publisert 08.04.2025

Du kan sende sensitive opplysningar i begge skjema.

Grunnen til nye lenkjer er at vi flytter alle våre skjema til Altinn.

For deg som representerer ei bedrift eller verksemd

Om de brukar skjemaet «sikker melding» i kontakt med Statsforvaltaren: Hugs å oppdatere lenkja i malane dykkar!

Når du sender melding frå ei bedrift, må du vere logga inn i Altinn for verksemda du representerer. Ikkje bruk meldingsskjemaet for privatpersonar.

For å sende inn melding frå bedrift, treng du Altinn-rollen "utfyllar/innsendar".
Verksemda sjølv gir nødvendige roller til tilsette som skal bruke Altinn-skjema på vegner av verksemda.