Avslår grensejustering av Midsund
Kommunal- og distriktsdepartementet avslår søknad om å starte opp utgreiing av grensejustering av Midsund over til Aukra kommune.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i dag mottatt brev frå Kommunal- og distriktsdepartementet som avslår innbyggarinitiativet om å grensejustere Midsund frå Molde kommune til Aukra kommune. 200 innbyggarar står bak initiativet.
Statsforvaltaren råda til å avslå
Statsforvaltaren råda departementet til å avslå utgreiinga.
– Vi la vekt på at ut i frå geografi og dagens infrastruktur og kommunikasjonsforhold, så utgjer ikkje Aukra nokon naturleg kvardagsregion for Midsund, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.
Støttar Statsforvaltaren si vurdering
Departementet støttar Statsforvaltaren si vurdering, og kan ikkje sjå at ei grensejustering vil bidra til å løyse utfordringar som gjeld bruk av kommunale tenester.
– Etter ei samla vurdering avgjer departementet å ikkje sette i gong ei utgreiing av grensejustering mellom kommunane Aukra og Molde, for området som utgjer tidlegare Midsund kommune, skriv departementet i brevet.